Ungdomsteater

For 2 år sidan hadde Valestrandungdomslag stor suksess med musikalen ”Anna – det foreldrelause borne”. No er det på tide med eit nytt teaterstykke frå ungdomsteateret. I år setter dei opp musikalen Skjønnheten og udyret. Gruppa startar opp med øvingar ONSDAG 9. November kl 18:00. Dette er ein teatergruppe for ungdommar som går i 8. klasse og oppover heilt til 18 årsalderen. Instruktøren blir Sebastian Andre Haugland. Han går på Høgskolen i Bergen og tar ein Bachelor i drama og anvendt teater, noko som fører til at han blir dramapedagog. Kurset er støtta av «Studieforbundet kultur og tradisjon»!

For påmelding send melding til 93649315 eller berre møt opp på den første øvinga.